Ølbryggjarkurs

 

Dei som ønsker kan no melda seg på bryggjekurs hjå Podlen Sjølvbryggjarlag.
Podlen Sjølvbryggjarlag fekk i fjor tittelen som Kvinnheradmeister i ølbryggjing 2012.
Vi har i den forbindelse eit ønske om å spreie denne fantastiske kulturen som heimebryggjing er.

Her sirkuleres vørteren for å få med mest mulig sukkerstoff og smak

Her sirkuleres vørteren for å få med mest mulig sukkerstoff og smak

Vi skal halda eit kurs den 1
. November på Husnes, og tar ein dag ekstra om det vert mange påmelde.
Her vert det servert mat midtveis i kurset og sjølvsagt smaksprøvar av det vi har bryggja tidlegare
.
Kurset har ein varighet på omlag 6 timar og vi starter derfor med ein teoretisk gjennomgang klokka 1700.
Ein vil deretter prøve bryggjinga i praksis. Ein får læra å laga øl som er fullt på høgde, og kanskje betre enn mykje av det ein får kjøpt på polet og i butikken.
Vi gir også informasjon kva utstyr og remedier som trengs for å lykkast som sjølvbryggjar

.

Ein treng ingen forkunnskaper om øl for å melde seg på dette kurset
. Det held at du har interessa, likar eller kjenner nokon som likar øl.

Deltakarane vi få tilsendt diplom for gjennomført kurs hjå Podlen Sjølvbryggjarlag.

Velkommen til ein hyggelig bryggjeaften!

Påmelding skjer på mail til Karl Petter Vårdal kpv1974@gmail.com
Kurshaldar er Morten Vatterdal og Karl Petter Vårdal
Kursavgifta er 800,-
Det vert også mulighet å kjøpe boka «Ølbrygging – Fra hånd til munn» for kr 400,-

For meir detajar eller spørsmål ta kontakt på mail kpv1974@gmail.com