Hummelsk

Den 9
. november brygga vi øl av eit sett som var namngjeven «Single hop IPA».

Som namnet seier er dette eit IPA (Indian Pale Ale) som ein nyttar ein humlesort i
. Det som var spesielt med dette ølet er mengda humle og tidspunktet for tilsetting av noko av humla. I kokinga nytta vi tilsaman 177 gram humle i 3 tilsatsar og etter 5 dagar med gjæring tilsette vi ytterligare 75 gram med humle. Dette kallast for «Tørrhumling»
. Humlesorten som vart nytta heitte «Cascade». Sidan det er nytta såpass mykje humle er det mykje humlesmak i ølet, derav namnet «Hummelsk» 😉

Gjæren som vart nytta er ein våtgjær av merke «White Labs, California ale Yeast»
. Denne gjæren vart forkultivert før brygginga
. Dette var nytt for oss, så det var spanande å prøve ut dette også i brygginga vår.

Alkoholgehalten er om lag 6,1 %

Dersom du lurer så brygger vi om lag 25 liter for kvar brygging.