Kurs i ølbryggjing 30. November
Vi startar opp med kurs igjen.
Dei som ønsker kan no melda seg på bryggjekurs hjå Podlen Sjølvbryggjarlag.
Podlen Sjølvbryggjarlag fekk i fjor tittelen som Kvinnheradmeister i ølbryggjing 2012
orgasm) increases the tone of the helicine arteries and the generic cialis condition stabilised.
.
Vi har i den forbindelse eit ønske om å spreie denne fantastiske kulturen som heimebryggjing er.
Vi skal halda eit kurs den 30. November på Husnes.
Her vert det servert mat midtveis i kurset og sjølvsagt smaksprøvar av det vi har bryggja tidlegare.
Kurset har ein varighet på omlag 6 timar og vi starter derfor med ein teoretisk gjennomgang klokka 1700.
Ein vil deretter prøve bryggjinga i praksis. Ein får læra å laga øl som er fullt på høgde, og kanskje betre enn mykje av det ein får kjøpt på polet og i butikken.
Vi gir også informasjon kva utstyr og remedier som trengs for å lykkast som sjølvbryggjar.
Ein treng ingen forkunnskaper om øl for å melde seg på dette kurset. Det held at du har interessa, likar eller kjenner nokon som likar øl.
Deltakarane vi få tilsendt diplom for gjennomført kurs hjå Podlen Sjølvbryggjarlag
.
Velkommen til ein hyggelig bryggjeaften!
Påmelding skjer på mail til Karl Petter Vårdal kpv1974@gmail.com
Kurshaldar er Morten Vatterdal og Karl Petter Vårdal
Kursavgifta er 800,-
Det vert også mulighet å kjøpe boka «Ølbrygging – Fra hånd til munn» for kr 400,-
Kursstad er Furelia 16b, 5460 Husnes.
For meir detajar eller spørsmål ta kontakt på mail kpv1974@gmail.com
PS! Det er og planar om eit kurs i romjula. Ta kontakt for meir informasjon.
Gå gjerne inn på www.facebook.com/Podlen og lik sida. Då får ein fortløpande informasjon om kva som skjer hjå Podlen sjølvbryggjarlag.